Month: Nov 2012

  • Eit lite tilbakeblikk

    Det festar seg mange inntrykk på ein tur som dette. Nokre ligg langt framme i medvitet, andre er eg nok ikkje klar over. Likevel er alle inntrykka med og dannar eit stort og samansett bilete med mange detaljar og fargar. Hovudinntrykket denne gongen er frå møte med menneske med vilje og ynskje til å bruka evnene og kunnskapane […]

  • På heimveg

    Tilbake i Tana, for ein kort stopp før flyet går i natt. Eg vert meir og meir fasinert av dette landet og alt eg ser og høyrer. Det er ulikt alt anna eg har opplevd før! Skal laga ein biletserie når eg er vel heime og har fått gått gjennom det eg har på harddisken. Eg reiser […]

  • Ein god stad å læra

    Fianarantsoa tyder som sagt ein god stad å læra, eller ein stad for god læring. Nå har me i to dagar diskutert noko som me alle håpar kan verta eit framtidig samarbeid mellom Universitetet i Fianarantsia og Universitetet i Stavanger. Dei ytre rammene er totalt ulike. Der me på UiS har eit bibliotek med mange […]

  • Fianarantsoa

    Fianarantso – Fianar. Dei har lange namn på Madagaskar men kortar dei som regel ned i daglegtale. Me kom til denne byen som ligg omlag 400 km sør for Tana, langs vegen. Det tok tolv timar å køyra, fordelt på to dagar. Dette er hovudvegen som går gjennom Madagaskar frå nord til sør. Namnet tyder […]

  • Det avgrensa og det grenselause

    Å koma frå ei veldig lita øy og besøkja ei av dei største øyane i verda fører tankane til konseptet øy og til noko Alfred Hauge seier i romanen Perlemorstrand: Den som elskar ei øy her i verda, elskar det avgrensa og det grenselause. Det er forfattaren sjølv som seier dette i boka, og ikkje […]

  • Gratulerar med dagen, mor!

    92 år. 67 av dei på Talgje. Men det er vel over sytti år sidan du kom hit fyrste gongen. Frå eit moderne Odda mellom høge fjell, med innlagt vatn frå Folgefonna – Fonne – rett over, og straum i husa, til ei lita øy i eit ope ryfylkelandskap. Her bar dei vatn frå brunnen inn […]

  • Rue Stavanger

    I Stavangergata i Antsirabé ligg det som tidlegare var den norske skulen og NMS sitt hovudkvarter på Madagaskar. Nå er det gjort om til eit kurs- og konferansenter med støtte frå det norske utanriksdepartementet. Framleis bur det nokre norske her og mange er innom enten i jobbsamanheng eller på ferie. Me planlegg ein konferanse her i […]

  • Crux

    Vakna tidleg på morgonen, før det hadde begynt å lysna, og kva såg eg gjennom vindauga? Crux, La Croix, Sørkrossen! Dette tydelege merket på himmelen som har vore til hjelp for navigatørar, så lenge folk har ferdast på havet. Fylgjer du hovudaksen ned til horisonten vil du finna kvar sør er. Dette er tydelegast når stjernebiletet […]

  • Ettermiddag i Antsirabe

    Elevar på veg heim frå skulen Lapping av punktert pusj-pusj Eit slag petanque. God stemning og kameratsleg tone 🙂

  • Frå gata i Antsirabe

    Pusj-pusj arbeidarane og vognene deira pregar gatebildet i Antsirabe. Dei spring berrføtte og tener nokre få kroner på ein tur. For dette må dei betala leige for vognene. Dei søv ute og står heilt nedst på den sosiale rangstigen.