Ein god stad å læra


Fianarantsoa tyder som sagt ein god stad å læra, eller ein stad for god læring. Nå har me i to dagar diskutert noko som me alle håpar kan verta eit framtidig samarbeid mellom Universitetet i Fianarantsia og Universitetet i Stavanger. Dei ytre rammene er totalt ulike. Der me på UiS har eit bibliotek med mange tusen titlar, store lesesalar, undervisningsrom med gode arbeidsforhold og mange tekniske hjelpemiddel, kontor til alle tilsette og ein stor administrasjon, har instituttet me har samarbeid med her tre enkle klasserom med ei tavle, ingen kontor for lærarane, ikkje bibliotek, ikkje leserom for studentar. Men dei har det viktigaste: menneskelege ressursser! Me har hatt gode møte med lærarar som vil noko. Ein ung kvinneleg lærar har jobb i bank i Tana, men reiser åtte ukomfortable timar med buss hit for å undervisa i marknadsføring, til dårleg løn. Eg spurde henne kvifor. Eg ynskjer å medverka til utvikling i samfunnet mitt, svara ho. Til å visa unge menneske at det nyttar å arbeida hardt. Og eg likar å undervisa, heldt ho fram.

Prosjektet kan innehalda vidareutvikling av studier i bærekraftig turisme, miljøkonservering og utvikling av  lokalsamfunn, saman med forsking og undervising. Svært spennande og utfordrande dersom det går slik me håpar.

Nokre bilete frå universitetet og møta våre:

This slideshow requires JavaScript.


Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggers like this: