Eit lite tilbakeblikk


Det festar seg mange inntrykk på ein tur som dette. Nokre ligg langt framme i medvitet, andre er eg nok ikkje klar over. Likevel er alle inntrykka med og dannar eit stort og samansett bilete med mange detaljar og fargar. Hovudinntrykket denne gongen er frå møte med menneske med vilje og ynskje til å bruka evnene og kunnskapane sine til nytte for samfunnet dei lever i. Eg skulle gjerne presentert mange av dei her, men det har eg ikkje spurt dei om lov til og det ville også vera vanskeleg å vera rettferdig mot alle eg har møtt.

I staden vert det ein liten biletserie med nokre glimt langs reiseruta frå Tana i nord til Fianar i sør. I storbyen Tana bur folk tett, og det er trongt i gatene. Hovudvegen sørover går gjennom opne landskap med rismarker og små landsbyar, gjennom småbyar med livleg aktivitet tett innpå og i vegbanen. Det vart også tid til ein liten avstikkar til ein freda skog med mange lemurar, og til besøk i eit silkeveveri. Eit stillas rundt eit nybygg vart eit kunstverk i morgonsola.

This slideshow requires JavaScript.


Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggers like this: