Fianarantso – Fianar. Dei har lange namn på Madagaskar men kortar dei som regel ned i daglegtale. Me kom til denne byen som ligg omlag 400 km sør for Tana, langs vegen. Det tok tolv timar å køyra, fordelt på to dagar. Dette er hovudvegen som går gjennom Madagaskar frå nord til sør.
Namnet tyder Staden der ein lærer å verta god. Flott namn! Me er her for å diskutera planar for å utvikla undervising og læring ved universitetet, knytta til eit bachelorprogram i bærekraftig turisme. Skal vera her til onsdag, då set me kursen nordover igjen.
Eit par bilete frå byen: