Vakna tidleg på morgonen, før det hadde begynt å lysna, og kva såg eg gjennom vindauga? Crux, La Croix, Sørkrossen! Dette tydelege merket på himmelen som har vore til hjelp for navigatørar, så lenge folk har ferdast på havet. Fylgjer du hovudaksen ned til horisonten vil du finna kvar sør er. Dette er tydelegast når stjernebiletet har kome eit stykke opp på himmelen. På denne tida av året kjem det opp utpå morgonen. Utpå nyåret og framover er det synleg om kvelden.
Sørkrossen er synleg heilt til Nord-Afrika, dvs godt nord om ekvator, medan polarstjerna, som viser himmelretning på den nordlege halvkula, ikkje er synleg sør for ekvator. I mange år budde eg litt nord for ekvator i Kenya, og i serleg klare netter kunne eg sjå både sørkrossen og nordstjerna samtidig.
Fleire land har sørkrossen i flagget sitt, m.a. Australia, New Zealand og Samoa. Maoriane på New Zealand kallar den for ankeret, på Tonga seier dei at det er ei and som flyg sørover, men den eine vengen er skada. Det forklarer kvifor den eine stjerna står litt skeivt i forhold til den på motsett side. (Frå Wikipedia)
Rockegruppa Crosby, Stills, Nash & Young har i ein tekst desse linjene:
When you see the Southern Cross
For the first time
You understand now
Why you came this way