92 år. 67 av dei på Talgje. Men det er vel over sytti år sidan du kom hit fyrste gongen. Frå eit moderne Odda mellom høge fjell, med innlagt vatn frå Folgefonna – Fonne – rett over, og straum i husa, til ei lita øy i eit ope ryfylkelandskap. Her bar dei vatn frå brunnen inn i hus og fjos, og straum kom ikkje før i 1953. Kanskje ikkje så ulikt livet på landsbygda her på Madagaskar.
Fyrste gongen du kom til Talgje rodde dei ut og henta deg frå rutebåten, borda båten som det heitte. Eg har også vore med på det fleire gonger. Nå køyrer me til byen gjennom tunnellar kva tid me vil. Det har skjedd endringar på desse åra!
Det kan passa med eit lite dikt av Kolbein Falkeid i dag, her frå solkinsøya:
Det er morgen igjen, vesle håp
og verden frotterer seg med nyvasket solskinn.
Livets ansikt er aldri det samme
selv om vi ser på det i all evighet.
2 responses to “Gratulerar med dagen, mor!”
Så fint innlegg! Har din mor fortalt livshistorien sin detaljert? Hvis ikke – “tape her”: Jeg var i en begravelse nettopp og den avdøde hadde skrevet ned sin livshistorie. Noe ble lest opp i begravelsen, og det var både latter og tårer! Jeg har begynt på min! 😉
Takk for fin helsing! Det er ein fin dag her, og i dag skal me ha selskap med 14 middagsgjester, barn, barnebarn og oldebarn.