Tilbake i Tana, for ein kort stopp før flyet går i natt. Eg vert meir og meir fasinert av dette landet og alt eg ser og høyrer. Det er ulikt alt anna eg har opplevd før! Skal laga ein biletserie når eg er vel heime og har fått gått gjennom det eg har på harddisken.
Eg reiser heim med ei oppleving av å få vera med på noko viktig og full av inntrykk og tankar etter å ha møtt mange flotte menneske. Håpar det kan verta noko av planane me har diskutert desse to vekene.