Det avgrensa og det grenselause

Å koma frå ei veldig lita øy og besøkja ei av dei største øyane i verda fører tankane til konseptet øy og til noko Alfred Hauge seier i romanen Perlemorstrand: Den som elskar ei øy her i verda, elskar det avgrensa og det grenselause. Det er forfattaren sjølv som seier dette i boka, og ikkje hovudpersonen Bodvar Staup. Men ein kan nå undrast på kven som er hovudpersonen, for Hauge er sjølv ein av karakterane, både i gjenmøtet med Bodvar på Utstein Kloster i 1973, og i forteljingane frå barndomen på den oppdikta Bodvars øy på 1920-talet, der Alfred er leikekamerat med Bodvar og bror hans, Mons. Det han fortel har tydlege parallellar til den sjølvbiografiske boka Barndom, om oppveksten på Kyrkjøy, så her ligg det nær å tenkja at Perlemorstrand også er ein sjølvbiografisk roman.

Sjølv om eg har reist frå ei øy til ei anna har eg ikkje reist på sjøen for å koma til Madagaskar, men med bil gjennom undersjøiske tunnellar og med fly over hav, og på den måten kryssa dei naturlege grensene mellom land og sjø. Men for folket som budde på øyane før i tida var sjøen ein mulighet til å koma ut i verda, meir enn eit stengsle. Samtidig var det ei grense som berre kunne kryssast dersom ein hadde framkomstmidler til å ferdast på sjøen.

Her i innlandet på ei så stor øy som dette kjem ein ikkje på at det er ei øy. Men det var nettopp muligheten til å reisa på sjøen som gjorde at øya vart befolka, og det skjedde for ikkje lenger enn ca 1500 – 2000 år sidan, i fylgje studier. Og dei fyrste kom ikkje frå Afrika, som ein kanskje skulle tru, men frå Indonesia, truleg ved å fylgja etablerte handelsruter rundt det Indiske havet og sørover langs Aust-Afrika. Språkstudier syner tydelege likskapar med språk på Bali, og store grupper av folket ser ut som indonesarar og ikkje afrikanarar. Dei hadde med seg risdyrkinga der dei kom frå. Seinare har det også vore innvandring frå Afrika, difor er her også grupper som ser afrikanske ut, og derfrå kom nok kveget. Sjå bileta nedanfor.

Fleire samanhengar mellom Hauge, Kyrkjøy og Madagaskar, eller Talgje for den saks skuld: Han seier andre stader at då han vaks opp var Antsirabé og Madagaskar meir kjende namn for han enn Oslo og andre byar i Norge. Grenser opnar seg til kunnskap om andre når me kryssar dei. Og eg elskar øya mi!

This slideshow requires JavaScript.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.