Category: Travels abroad

  • Ettermiddag i Antsirabe

    Elevar på veg heim frå skulen Lapping av punktert pusj-pusj Eit slag petanque. God stemning og kameratsleg tone 🙂

  • Frå gata i Antsirabe

    Pusj-pusj arbeidarane og vognene deira pregar gatebildet i Antsirabe. Dei spring berrføtte og tener nokre få kroner på ein tur. For dette må dei betala leige for vognene. Dei søv ute og står heilt nedst på den sosiale rangstigen.

  • Ferdig i Tana for denne gongen

    Nå har me hatt tre dagar med interessante og utbytterike møte med universitetet i Tana, institutt for engelskstudier. I dag konkluderte me med kva me skal jobba med fram til eit nytt møte i februar. Då planlegg me ein workshop i Antsirabe, saman med dei to andre partnarane, Universitetet i Fianarantsoa og Universitetet i Bergen. […]

  • Frå gata i Tana

    Forbindelsane til Frankrike har vore sterke i Madagaskar. Sjå på bileta ovanfor! Men nå ynskjer mange å løysa opp dette. Det vart gjort eit forsøk på å gå over til å bruka gassisk som nasjonalt språk og engelsk som internasjonalt språk, men etter kuppet i 2009 vart dette tilbakestilt til fransk.

  • Jakaranda i Antananarivo

    Tilbake i Tana for tredje gong på mindre enn eitt år. Jakarandatrea blømer på denne tida, og lukta minner meg om Nairobi! Var nedom der denne gongen, berre for å byta fly men eg fekk med meg kenyansk te og kaffi! På vegen vidare såg eg toppen av Kilimanjaro over skyene. Har aldri før sett så […]

  • Til Madagaskar

    Segla er tatt ned og Zephyros er pakka inn og godt fortøgd for vinteren. Dei neste to vekene skal eg vera under sørkrossen. Reiser til Madagaskar laurdag 3. november.