Nå har me hatt tre dagar med interessante og utbytterike møte med universitetet i Tana, institutt for engelskstudier. I dag konkluderte me med kva me skal jobba med fram til eit nytt møte i februar. Då planlegg me ein workshop i Antsirabe, saman med dei to andre partnarane, Universitetet i Fianarantsoa og Universitetet i Bergen. Dersom me får innvilga søknaden om såkornmidler, vel å merka!
Tore og eg bur i nærleiken av staden der me har hatt møta og har gått til jobb i smale og tett traffikerte gater. Me måtte også innom ein butikk og få kopiert eit dokument til neste runde med møter i Fianar (Fianarantsoa).
I morgon, torsdag, reiser me sørover mot Fianar, med overnatting i Antsirabe.