Jakaranda i Antananarivo


Utsikt frå hotellvindauga

Tilbake i Tana for tredje gong på mindre enn eitt år. Jakarandatrea blømer på denne tida, og lukta minner meg om Nairobi! Var nedom der denne gongen, berre for å byta fly men eg fekk med meg kenyansk te og kaffi! På vegen vidare såg eg toppen av Kilimanjaro over skyene. Har aldri før sett så mykje snø på den, det var kjekt å sjå for det har minka dei siste åra. Det betyr også mykje regn på landet nedanfor. Eg mintest Hemingway si novelle The Snow on Kilimanjaro om storviltjegeren som ligg på feltsenga si, ser på fjellet og minnest livet sitt.  Eg mintest også mine eigne opplevingar av turar ved foten av Kilimanjaro. Den gongen me låg i ei enkel hytte med utsikt mot fjellet og elefantar gjekk forbi. Eller jakt i Tanzania og eg skaut ein bukk, og rekylen slo kikkertsiktet i panna mi så eg har arr ennå!

Dei fyrste dagane her i Tana er det møte med universitetet. Me diskuterar planar for å starta eit prosjekt om utvikling av studieprogram og undervisning ved instututtet for engelskspråklege studier.


One response to “Jakaranda i Antananarivo”

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggers like this: