Interrail 2025 – oppsummering


Kva har me lært?

1. Tog er ein veldig fin måte å reisa på! Det var eigentleg ikkje noko nytt, men me hadde ikkje reist så langt med tog over så kort tid før. Me var kanskje heldige med den ruta me valde og med dei toga me tok, men tog i Europa er noko anna enn det er i Norge. Dei store låglanda, som Frankrike og Tyskland, gjer det nok enklare å byggja ut, men Sveits er jo fullt av fjell, og der fann me det beste tilbodet. Streikar kan førekoma i enkelte land. Det kom stadig varsel i appen om streik i Italia.

2. Reis lett. Det fungerte fint med kvar sin trillekoffert og liten ryggsekk. Gjerne litt store hjul på kofferten, så går han rolegare over brustein. Men neste gong vil eg kanskje berre ha ein god, middels stor ryggsekk, og pakka litt mindre enn eg gjorde denne gongen. Pluss ei lita handveske eller liten dagsekk som kan pakkast i den større sekken. Då kan eg setja igjen den større sekken på hotellet, eller i ein oppbevaringsboks dersom eg vil gå ein tur. Det kan også vera lurt å ha med ein flat boks med fleire rom i, til å pakka dagsrasjonar med mat. Hugs gode sko!

3. Rail planner-appen fungerte fint. Der det står “seat reservation recommended” kan det vera lurt å gjera nettopp det. Det må du betala litt ekstra for. Me kjøpte seteplass berre der det var påkrevd, og det gjekk også bra.

4. Me planla dei fyrste dagane før me reiste heimefrå, dvs. bestilte billett i appen og fann overnatting nær stasjonane. Det er kanskje lettare å finna rimeleg overnatting nær stasjonen i mindre byar. Men så reiste me ikkje midt i turistsesongen heller. Du er nok sikrare på å finna gode rom i kjende hotellkjeder, dersom prisen kan konkurrera. Private overnattingsstader kan vera ok nok, men kvaliteten varierar, det opplevde me i alle fall. Og slike rom er gjerne kalde på denne tida, før dei set på varmen for vinteren. Lurt med ulltøy på den tida. Toga hadde god temperatur då, butikkar og museum også.

Ein annan gong vil eg prøva nattog. Då må ruta leggjast opp etter det.

5. Det finst gode ressurser på nett og i sosiale medier. Eg vil anbefala gruppa Togferie på Facebook. Den har imponerande 80 000 medlemer, og du får svar så og seia med ein gong på det du lurer på.

Her kan du finna andre nyttige tips.

Sjølve interrailpasset kan kjøpast på t.d. yr.no eller interrail.eu. Me brukte den siste.


Leave a comment

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.