2. – 3. oktober
Hamburg – Talgje
Kjem me oss over Skagerrak før Amy? Me fekk spørsmål heimefrå om me hadde sett værmeldingane. Ja, det hadde me, og det såg ut til at me akkurat ville koma til lands i Kristiansand før uveret kom. Me hadde for fleire dagar sidan lagt opp til å stå løpet ut og ta toget heilt heim til Stavanger. Då er der to ruter. Enten via København, Gøteborg og Oslo, eller ferja frå Hirtshals til Kristiansand og toget heim derfrå. Me måtte vera heime seinast fredag 3. oktober. Og me hadde ikkje nok reisedagar i Interrail-billetten til å ta den lange turen om Sverige. Då var planen lagd, ferja over Skagerrak. Meldinga såg fin ut ei veke før, men det skulle altså endra seg.
Torsdag morgon var det då ny etappe på tog. Fyrst til Odense, med ein times stopp der før neste tog til Ålborg. Ein time var for lite til å få sett noko av byen. Skulle gjerne besøkt H. C. Andersen sitt hus, men det får vera til ein annan gong.
Ålborg er ein fin og ryddig by. Me hadde tid til ein tur i gatene. Eg fekk sendt heim Bernina/Swiss Army-kniven med posten, fordi det stod på nettsidene til Colorline at det ikkje var lov å ta med knivar inn i passasjerområdet. Så, lydig som eg er, kunne eg ikkje gjera det. Det viste seg at der ikkje var nokon kontroll då me gjekk ombord, så den portoen kunne eg spart meg. Men så fekk eg godt samvit då. For det i alle fall. Håpar han kjem!
Morgonen i Ålborg var stille og fin. Sola skein og vinden var lett. Det same då me kom til Hirtshals. Men det hadde kome melding frå GoAhead om at på grunn av uveret kunne toga frå Kristiansand til Stavanger verta innstilde, og det ville ikkje verta sett inn buss i staden. Likevel, meldingane fram til ettermiddagen og kvelden såg ikkje så dårlege ut. Og ferja gjekk.
Turen over gjekk heilt fint. Det var eigentleg berre passeleg seilevind. Me merka litt bevegelse i båten då me nærma oss norskekysten, men litt må me jo rekna med. Me var trass alt på sjøen! Og der har me nå vore før også.
Ferja var i rute. Me hadde bestilt billettar på toget heim til kl 18, då me ikkje var sikre på om me ville nå toget kl 16.06. Men det gjorde me, og fekk flytta oss over på det. Interrail er slik at du betalar for ein viss mengde reisedagar som du kan bruka i løpet av ein månad. Du kan ikkje reisa rundt i eige land på Interrail, men der er ein ekstra dag for utreise og ein for heimreise i tillegg til dei sju som me hadde på vår billett.
Når eg skriv dette, er me på Jæren. Ein halv time etter at me sette oss på toget begynte det å regna! Bortsett frå eit par litt grå dagar i Frankrike har me hatt nydeleg haustver heile turen. Snakk om å vera heldige! Det bles stiv kuling til storm på Obrestad. I Skagerrak har vinden auka, og nå kjem det akkurat melding om at avgangen frå Hirtshals i kveld er innstild. Hurtigbåtane går ikkje innom Talgje. Det er ikkje ofte det hender. Men me har alt bestilt henting med bil.






Inntrykk frå Ålborg:






Siste dag:








The last train to Zona Verde (portugisisk: Det grøne landet). Dette er ein boktittel, av Paul Theroux, kanadisk reiseforfattar. Eg kom på den nå når me er på siste toget på denne turen, over det grøne Jæren. Han skriv godt om reiser gjennom Afrika, så hermed er bøkene hans anbefalt.



Det var litt voldsomt å slutta turen med dette biletet, så lat meg ta med eitt til. Og så skal eg oppsummera litt om erfaringane med å reisa på Interrail. For den som er interessert og for vår eigen del, til neste tur 🙂

Og framme!

