Interrail 2025 – 5


1. oktober

Zürich- Hamburg

Dagen gjekk med til reise. Ni timar på toget mellom Zürich og Hamburg. Men her er reisa også eit mål. Der er stadig nye ting å sjå langs sporet, eller medpassasjerar å snakka med. Og likar du å lesa, oghar du ei god bok i sekken, gir ei togreise god tid til det. I staden for å ta med papirbøker, har eg ebøker på mobilen.

Ein del av turen gjekk langs Rhinen, før me svinga nordvestover etter Strasbourg. Rhinen renn ut i Nordsjøen gjennom Amsterdam, og det var ikkje den vegen me skulle denne gongen.

Togturen er ca 880 km og skulle berre teke sju og ein halv time etter ruta, men det vart forsinkelsar på det siste stykket pga ein feil på eit tog lenger framme. Heldigvis er der fleire spor, så det vart ikkje tog for buss. Konduktøren heldt oss godt oppdaterte, dvs ho kom stadig med meldingar som Lieber Gäste, keine neues Information. Ho håpa at me skulle nå Hamburg den ettermiddagen, men ho var ikkje sikker, sa ho. Farten var det ikkje noko å seia på, når me berre var i gong! Oppi to hundre km i timen. Til slutt, då me var ganske nær målet, sa ho Endeleg! Hamburg, om ti minutt! I dag!

Det var ikkje problem for oss, me skulle ikkje nå eit anna tog. Det skulle ikkje faren og dei to ungane på fem og sju som sat på andre sida av vogna heller. Dei skulle på eit museum for minitog i Hamburg. Ungane hadde klart seg godt lenge, og faren var flink til å underhalda dei. Men siste timen røynde det på! Og det var ganske normalt!

Me skrytte over toga og punktligheten, slik me hadde opplevd det. Det undra han seg over. Det var svært vanleg med forsinkelsar på tyske tog, sa han. Det er nok dei sveitsiske som er dei beste.

Hotellet me hadde funne denne gongen låg berre ti minutt frå stasjonen. Eit fint, stor Ibis-hotell, med varmt rom, god seng og fint bad. Ikkje for det, sengene har vore gode der me har vore, om størrelse og standard på romma elles har variert.

,

Leave a comment

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.