Interrail 2025 – 4


30. september

Zürich

I dag har me begynt på vegen nordover og heim. Turen gjekk med to togbyte, fyrst i Goeschenen og så i Arth-Goldau. Me lurte litt på om me hadde tid nok til neste tog, med berre ca fem minutt, men det hadde me ingen grunn til å uroa oss for. Neste tog gjekk på andre sida av perrongen, berre til å gå 20-30 meter. Noko anna enn å springa mellom terminalar på store flyplassar!

Flotte, nye tog! Og god plass. Dei andre reisande var stort sett lokale, virka det som. Ein mann me snakka med skulle same vegen, kanskje på jobb.

Turen frå Andermatt til Zürich tok ca to timar. Me reiste gjennom ein trong dal, nedover, til landet opna seg rundt Zugersee og Zürichsee.

Zürich er den største byen i Sveits, ca 450.000 innbyggjarar. Altså mindre enn Oslo, men med mykje større togstasjon. Eg skrytte litt her tidlegare om at me har funne overnatting maks ti minutt frå stasjonen. Her var det lenger å gå, og oppoverbakke. På vegen gjekk me ein tur innom gamlebyen og bortom ein Bernina-butikk. Bernina symaskinar vert produserte ikkje langt herfrå. Det vil seia, berre dei største og dyraste blir laga her nå, sa ho eg snakka med i butikken. Men dei gamle eg har på syloftet heime kjem alle frå Steckborn, berre seks mil herfrå. Eg fekk kjøpt ein del eg manglar til ein overlockmaskin eg har, og ein Swiss Army-kniv med Bernina på. Meir sveitsisk kan det mest ikkje verta!

Nokon lurar kanskje på kva som er greia med Bernina. Og med symaskinar for den saks skuld. Det har eg planar om å skriva litt om i ein annan blogg 🙂

Me bur i ein liten, enkel leilighet nær universitetet. Ein som kunne vore studentbustad. God plass, men spartansk, og kaldt! Eg tok meg ein tur ut i kveldinga og fann universitetet nede i bakken, i alle fall ein del av det. Stort og staseleg bygg, lærdommens pauluner. Men dei som bygde det tenkte nok ikkje mykje på lyddemping. Der var ikkje veldig mange folk der inne, men når dei som var der snakka, fylte ekkoet heile bygget. Svært støyande!

Sveitsiske symaskinar og knivar

Besøk på universitetet:

Litt frå byen:

,

Leave a comment

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.