Interrail 2025 – 3


28. – 30. september

Andermatt

Sundag gjekk turen vidare langs Genevesjøen, deretter innover i Valaisdalen med togbyte i Brig. Framleis langs Rhône-elva. På slutten av turen går banen gjennom fjellet under Furkapasset og inn i Urserendalen, der Andermatt ligg. Me har då kome opp i ca 1400 moh. Her hadde det snøa litt dagen før, på grønt gras. Vinteren kjem snart, og dermed skituristar og inntekter til lokalsamfunnet.

Me hadde bestilt rom for to netter på Hotel Bergidyll, midt i Andermatt. Det beste hotellet til nå på denne turen. Andre hadde likt det før oss, fann me ut. Deler av Bond-filmen Goldfinger vart spelt inn i fjellsidene her, og Sean Connery budde på rom nr 21. Dette var i 1964, så det er jo ei stund sidan. Men det var ikkje til å unngå å leggja merke til det.

Måndagen var fin, med sol og vindstille. Me tok banen opp til fjellovergangen Oberalppass, vel 2000 moh. Toget klatrar bratt oppover og gir eit fantastisk utsyn over dalen og til fjelltoppane. Her har verda reist seg på ende! Det er Afrika som har gjort det, eller begge kontinenta som pressar mot kvarandre. Nokre stader stor laga i fjellet loddrett! Dyra som beitar i bakkane må vera av to slag: Eitt med kortare venstreføter og eitt med kortare høgreføter. Korleis skal dei elles klara seg på dei stupbratte beita?

Nede frå passet fekk me lyst til å gå bort til Teufelbrucke, Djevelbrua. Den ligg i eit smalt skar der elva renn nordover mot låglandet ned mot Nordsjøen. Via andre elvar og innsjøar, m.a. Zürichsjøen, renn ho ut i Rhinen. Kanskje me kunne kasta ut ein flaskepost og sett om han kom fram til norskekysten? Rhinen begynnar forresten på andre sida av Oberalppasset. Nesten heilt inn til Andermatt fylgde med Rhône-vassdraget, som renn ut i Middelhavet. Og sør for Gotthardpasset, som heller ikkje er langt frå Andermatt, renn vatnet ned i Podalen og ut i Adriaterhavet. Så Andermatt ligg midt mellom tre kontinentale vasskilje.

Gjennom skaret, eller passet, går både bilveg og jernbane. Igjen imponerande å sjå korleis dei har bygd her i Sveits! Det ser ikkje ut til at fjell har vore noko hinder. Det medfører samtidig fleire inngrep i naturen då. Kanskje alle desse gondolbanane til dei høgaste toppane verker litt i overkant. Det vil dei byggja mange stader i Norge også, men her treng me ikkje ta etter.

Litt meir om Goldfinger. Bond kjem til Sveits for å avdekkja smugling av gull frå England og finn at dei driv og smeltar det om på ein fabrikk inne i fjella her ein stad. Nå føregår verdieksport til Sveits på lovleg vis.

Nokre glimt frå Andermatt:

Til Oberalppass og ned igjen:

Og til Teufelbrucke:

Jernbanen er verdt eit eige kapittel!

,

Leave a comment

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.