Liten tur til Rossøy 1. mai 2022


Så fin sundags- og 1. mai morgon! Måtte berre ut på sjøen ein liten tur før hjartemarsj seinare på dagen.

Gratulerar med dagen 🙂

Eg tenkte berre å gå ein sakte tur for motor rundt Fogn, kanskje. Men i Rossøysundet var der god plass ved brygga og det frista med ein tur opp på toppen. Her er det vidt utsyn ut mot det opne Boknafjordbassenget og innover mellom øyar og fjell. Eit fantastisk naturområde som har mykje å by på.

Friluftsrådet har bygt opp dette naustet etter eldgammal byggjemåte.

Der var to husmannsplassar på Rossøy, under Hovda på Fogn. Øya vart fråflytt for vel hundre år sidan, men murane etter husa står igjen.

Fine turstiar på øya.

Det er vår!

Så seglar me heim.

, ,

Leave a comment

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.