Ferie! Og klar for tur nordover på Vestlandet. Me har ingen faste planar, me ser på vermeldingane. Blir det fint og passeleg vind, går me så langt ut på kysten som me kan, blir det for mykje vind, held me oss lenger inne i fjordane. Utanom ombyggjing til rorkultstyring i vinter, er den viktigaste oppgraderinga i båten i år ein solid bøyle over cockpiten. Den gir eit godt feste å halda i når me står og styrer, og når me går fram på dekket. Eg har sakna noko slikt i mange år. Hans G. Sørensen og Trygve Tednes i Ship Shape i Stavanger laga og monterte den, veldig godt og solid arbeid!
Du kan klikka på bileta for å få dei opp i full storleik.

Tysdag 6. juli. Fyrste stopp var Hamnarholmen, eller Hamnaren, nord for Bokn, i innløpet til Førlandsfjorden. Der har Friluftsrådet og frivillige laga til ei fin uthamn, med bryggjer, overbygde grillplasser, turløyper og badestrender. Dei flotte barnebarna våre, Tobias (6) og Oskar (4) kom og var med oss til neste dag. Der var andre ungar også, og det tok ikkje lang tid før dei var i gong med leiken. Ta ungar med til sjøen, gi dei eit krabbesnøre og ei bøtte, så har dei nok å gjera den dagen!




Torsdag 8. juli. Ungane vart leverte tilbake til foreldra på Karmøy onsdag kveld, i ausande regnver! Torsdag hadde det letta, og med fin vind og nordgåande straum segla me frå Koparvik til Avaldsnes. Dette var i over tusen år ein strategisk stad og eit maktsenter på Vestlandet. Porten til vegen mot nord, så og seia. All trafikk nord og sør gjekk gjennom Karmsundet. Difor var det freistande for småkongar og større kongar etter kvart, å utnytta muligheten til kontroll og innkrevjing av avgifter. Hanseatarane hadde også tilhald her etter at dei norske kongane mista posisjonen sin. Her står den gamle steinkyrkja frå 1200-talet, og her er det grove fram murar etter ein kongsgard som Harald Hårfagre i si tid brukte.
Me segla inn på nordsida av Bukkøya. Her er det bygd opp eit tun slik det kan ha sett ut for tusen år sidan. Det er alltid fasinerande og interessant å sjå og førestilla seg korleis folk levde, organiserte seg og brukte dei lokale ressursene i førindustriell tid. Tore Skeie skriv godt om dette i boka Hvite Krist, om Olav Haraldsson, at Norge på den tida var ei stor utmark, med nokre husklynger eller grender her og der, og med fotstigar mellom dei. Langs kysten var det sjøen som var vegen. Det store naustet vitnar om det. Innemiljøet i husa var fylt av røyk, ein grunn til at levealderen var låg.




Avaldsnes kyrkje arrangerar Olavsdagane i juli. Me fekk med oss ein fin orgelkonsert og ein lunsj i Nordvegen Historiesenter. Og der møtte eg heilt tilfeldig ein klassekamerat frå gymnaset på Bryne! Magne Klubben er frå Bømlo, og har vore prest i Oslo i mange år. Eg hadde tenkt å senda ei melding når me nærma oss Bømlo og spørja om det kunne henda at han var der i sommar. Men før eg hadde fått gjort det, møtes me altså her! Me hadde ikkje sett kvarandre på mange år. Veldig kjekt å møta han og kona hans, Esther, som me ikkje hadde helst på før.


Avaldsnes er ein stopp på kystpilegrimsleia nordover. Kanskje me kan leggja turen innom fleire stader på denne leia. Meir om pilegrimsleia her: https://pilegrimsleden.no/pilegrimsledene/kystpilegrimsleia
Turen vidare gjennom Karmsundet, med overnatting i Smedasundet i Haugesund. Over Sletta til Espevær var ein fin segltur i lett bris frå sør-sørvest. Det går ikkje alltid rett fram når me seglar, sjølv ikkje i medvind! Det er enklast å ha vinden litt inn frå sida, på slør, og ikkje platt lens, som det heiter. Eller med vinden på tvers, som Odd Børretzen seier.






Hugs å fylla vatn når me kan! Never start with the runway behind you, sa ein gammal RAF-pilot då me stod ved flystripa i Marsabit, Kenya, ein gong og såg eit transportfly frå det kenyanske luftvåpenet landa, stoppa midt på stripa, sleppte av ein mann, og tok av igjen frå der dei stod. Dei trong berre ca hundre meter for å koma i lufta igjen, så det gjekk bra, men det vart ein god regel som er overførbar til mange andre situasjonar.

Espevær er verdt eit besøk! Me segla inn her fredag ettermiddag, fyrst inn i hamna i sjølve været, men her var det fullt. Sidan eg (Eilef) var her sist, i 2014, hadde det kome ei ny hamn i ein våg lenger vest. Det var ein vakker tur gjennom dei smale sunda ut dit. Her fann me god og stille hamn. I løpet av kvelden og dagen etter gjekk me rundt på øya og opplevde eit annleis samfunn. Her er ikkje bilar og bilvegar, berre smale gangvegar. Me gjekk nesten inn i hagane til folk når me gjekk forbi. Det bur knapt hundre menneske her, der er barnehage, men ikkje skule lenger. Om sommaren er der mange fleire, folk som har ei tilknyting, kanskje ein av foreldra var herfrå, og som nå har overteke eit hus og brukar det til feriebustad. Folk helsa og slo gjerne av ein prat når me møtte dei langs vegen. Me skal koma tilbake til Espevær på heimvegen.
Espevær er eitt av dei mange kystsamfunna der det var stor aktivitet i fiskeriet før i tida. I vårsildfisket kunne det vera mange tusen menneske her i hektiske veker medan det stod på. Frå 1600-talet vart det drive hummarfiske, med eksport til restaurantar og rikmannsbord i Europa. Seinare vart det bygd ein hummarpark, dvs lagt tak over avstendge sjøbasseng der hummaren vart samla før han vart sendt vidare. Det kunne vera ca 25000 hummar der på ein gong! Store verdiar. Nå er det ei museum, der du kan vera med på ein flåte som tek deg rundt i bassenget under taket. Museet er drive av engasjerte frivillige, som me snakka med, og tjue humrar, som me slapp å helsa på og såg lite til. Kanskje dei kunne formidla litt meir om hummaren sitt liv og levevis?
Fiskeriet ga grunnlag for handel og rikdom for enkelte, og mulighet for arbeid og slit for mange. Det var det tydelege teikn på i Baadehuset. Der hadde dei også ei samling skulebøker som me kjende igjen.
Øya, eller øyane, har ein rik og vakker flora. Sunnhordland Botaniske Forening skriv på facebooksida si om ein nyleg tur til Espevær: “Ute i dette øyriket var det mange planter som eg aldri hadde sett før.” Gravplassen er ein av dei vakratse eg har sett. Nå stod vivendelen (kaprifolen) i full blom og krydra lufta om kveldane. Slik er det heime i Ryfylke også. I stille seinsommarkveldar på sjøen, å kjenna draget av vivendel ute på sjøen, det er himmelsk!
Espevær har også eit anna fenomen, den såkalla UFO-ringen. Den oppstod plutseleg i 1975, som eit stort nedtrakka spor i graset. Det er prøvd mange hypotesar på kva den kan koma av, frå paringsdans for kaniner til avtrykk frå UFO. Lite truleg alt. Men likevel eit mysterium.
Utseglinga var minst like vakker som innseglinga. Med ein lett medvind og ein halv knops medstraum, glei me stille gjennom sunda med motoren av.

























Der er så mange muligheter og gode hamner på vestsida av Bømlo, at me berre måtte gjera eit val. Me hadde fått anbefalt Lykling og Geitung. Geitung og naboøya Nautøya ligg like utanfor Lykling. I ein lett bris frå vest segla me inn i Flognesvågen på Nautøya og ankra opp der for lunsj. Ei flott naturhamn med god sandbotn å ankra i. Vidare gjekk me gjennom det smale sundet mellom Nautøya og Geitung. Her har det budd folk opp til nyare tid. Me fekk hjelp av ein padlar til å sjekka djupna i det smale utløpet i nord, og fann deretter vegen inn til Lykling. Der er ei lita gjestehamn med gode fasilitetar, gjort i stand og helde ved like av lokale båtfolk. Rimeleg var det også, 100 kroner pr dygn, som det stod på brygga, med straum.
Me går alltid ein tur på land når me kjem til ein ny stad. Det er ein viktig del av ein seiltur. Koma til stader me elles ikkje ville ha besøkt, prøva å finna ut kva som er det serlege på denne nye staden, kanskje møta nokre som bur der, som er kjende og kan forklara, og elles berre få eit lite glimt av eit samfunn der folk bur og lever sine liv.
På Lykling (eller Løkling, som ei me møtte sa at dei seier) fann dei gull på slutten av 1800-talet. I ein tjueårsperiode vaska dei ut ca 250 kilo. Gruvene finst ennå, men det var litt langt å gå dit. I staden gjekk me eit stykke opp langs den vesle elva og vidare opp til kyrkja. Også her ein vakker og velhelden kyrkjegard. Der såg me ei ny grav, og såg at den som var gravlagd der var ein kollega av Ellen for mange år sidan. Me har hatt litt kontakt med familien fordi dei, som oss, har born frå Ethiopia, men ikkje dei siste åra. Me visste likevel at ho var død nyleg og hadde sett dødsannonsa, men ikkje at ho var gravlagd på akkurat denne gravplassen. Eit sterkt møte!
Nede ved vågen var det for nesten tusen år sidan eit klebersteinsbrot. Her vart det teke ut stein til m.a. kyrkja på Moster og fleire av dei gamle kyrkjene i Bergen. Nå er der ei fin grasmark fram til ein bratt fjellvegg som markerar staden der brotet var. Nede ved foten av veggen finst det framleis små restar av kleberstein.






Måndag 12. juli. Stille, vakker morgon. Vågen låg heilt blank, overfløymd av sollyset. Det var, for å låna ord av Olav H. Hauge, som å vakna opp i ein våg me ikkje hadde visst om.



Kor mange tusen øyar, holmar og skjer er der langs norskekysten? Berre på nordvestsida av Bømlo er der mange hundre. Og så er der løp og godt merkte leier gjennom desse labyrintane. Berre sjå sjølv! Du kan for eksempel gå inn på Gule Sider på sjøen, og zooma inn. Me glei lydlaust for berre litt forsegl gjennom tronge sund med lett vind og straum med oss. Då høyrer me fuglane, folk som snakkar inne på land, eller det er berre heilt stille.
I Urangsvåg møtte me tidlegare kollega Øyvind Økland, kona Wenche og dottera Ingvild til lunsj på gamlekaien. “Kaien er avgiftsbelagt” står det på skiltet. “Da skilte ska de ikkje bry dåke om” sa karane i bilen.






Men alt er ikkje like fint! Du skal ikkje seila langt mellom oppdrettsanlegga. Kysten er full av desse, og fleire blir det, for det handlar om store pengar og forteneste, og arbeidsplassar. Omsynet til miljøet kjem i andre rekkje, dessverre. Håpet er at om nokre år er slike anlegg flytta opp på land, eller innelukka i sjøen.


Men der er også andre menneskeskapte fenomen å sjå langs kysten. Nytteperspektivet har vel alltid vore drivkrafta for å ferdast på sjøen. Og eventyr og utforskartrong. Er det berre i seinare tid at rekreasjonsperspektivet har kome inn? Men det har også sin verdi. Her er i alle fall to døme som kan plasserast på ein skala av nytte og rekreasjon/eleganse. Odd Børretzen reflekterar over båtlivet i boka Gleden ved å ha båt.
Vidare til Bekkjarvik i Austevoll kommune. Her fann me ein flott park i tilknyting til det gamle gardsbruket i Bekkjarvik. Fiskeri og fiskeoppdrett har gitt velstand. Me låg i ei ny hamn like nedanfor kyrkja. Det er tydeleg fleire båtar på sjøen i år, og i fjor, enn tidlegare år, og fleire stader er gjestehamnene utvOm sildefisket og Austevoll har NRK ein episode i serien Og den leiken den ville han sjå. Episode 8 Sildefiskerne er frå Austevoll.








Vidare til Bergen. Nå er me komne til tysdag 13. juli. Inn i Puddefjorden og Marineholmen gjestehamn. Me låg i Bergen to netter og brukte onsdagen i byen. Fløyen, Bryggen og avslutta dagen på kanskje den beste etiopiske restauranten me har prøvd i Norge. 43 års bryllupsdag! Her møtte me tilfeldig også folk me kjenner frå tida i Kenya/Ethiopia. Det me ikkje visste, var at dei hadde sterkt tilknyting til Espevær og har hus der.









Det går an å kombinera båt og hage. Dette er nok båtar som fungerar som bustadar i byen.





Torsdag 15. juli. Vidare nordover. Dagen var litt grå til å begynna med, men lysna etterkvart. Målet var Kilstraumen, eller Kjelstraumen, like vest for Mongstad. Fyrst måtte me gjennom straumane, Alverstraumen, Feste og Fonnesstraumen. Her er det smalt, og det er viktig å treffa dei rette tidene. Når det flør, går straumen nordover, og motsett når vatnet fell. Ved flo og fjære er det slakkt vatn, dvs ikkje straum. Me sikta oss inn på å vera i den fyrste straumen, Alverstraumen, ein time før flo. Det stemde godt, då hadde me ein til to knop medstraum på det smalaste.





Mykje å sjå langs leia!






I Kilstraumen låg me trygt bak redningsskøyta. Mongstad like innføre.


Då er me komne til fredag 16. juli, og siste, lange etappe på veg nordover. Stadig for motor desse dagane, men det siste strekket frå Askvoll og inn Stongfjorden fekk me fin seglevind. Forbi Skjerjehamn på føremiddagen, der kong Olav helsar. Lunsj ombord.


Ulike farty å møta i dag også!


Stopp i Askvoll for diesel og is. Sjå på dette møblet av ein båt, med møbler på dekk! (Biletet i midten altså.) Og den fine kyrkja ved sjøen.



Inn Stongdfjorden med fin bris frå vest. Me la til like nedanfor hytta til syster Greta og Arve. Men set vart litt for uroleg, og fare for at fortøyingane skulle filast av, så takk til han som lånte oss båtplass i hamna inne i botnen av fjorden. Då kunne me sova godt på land og!



