Me var fire karar som la i veg på ein firedagars tur over Hardangervidda i månadsskiftet juli-august i år, Jostein, Helge, Steinar og eg. Turen gjekk frå Dyranut på nordvidda til Mogen i aust, innom Stigstuv, Rauhelleren og Lågaros.
Vêret var grått og vått dei to fyrste dagane, men vart veldig fint dei to siste. Diverre gjekk mobilen min tom for straum den siste dagen, men eg vil få fleire bilete etter kvart frå ein av dei andre.
Sjølv om denne bloggen fyrst og framst handlar om seiling og seilbåtrelaterte ting, tenkjer eg at fjell og sjø handlar litt om det same: å vera ute i naturen, oppleva skiftande forhold og leva med dei vilkåra som det gir. Her på Vestlandet er det ikkje langt frå sjø til fjell, og den kombinasjonen gir rom for gode opplevingar, god frå- og tilkobling og rekreasjon. Det kan vera litt strevsamt av og til, men då er det veldig godt å koma til ei varm og turr hytte, få god mat og møta andre vandrarar. Eller å koma inn i ei lun hamn og møta andre seilarar.
Her er nokre bilete frå turen: