Month: Oct 2012

  • Til Madagaskar

    Segla er tatt ned og Zephyros er pakka inn og godt fortøgd for vinteren. Dei neste to vekene skal eg vera under sørkrossen. Reiser til Madagaskar laurdag 3. november.

  • Bilete frå Ryfylke i oktober

    Her er nokre bilete tekne frå fjorden rundt Talgje nå i oktober. Tidleg ein torsdagsmorgon på veg sørvestover til Åmøy, og ei helg på tur til Langøy ved Reilstad på Finnøy. Dette var nok siste turen for denne sesongen. Nå går båten i opplag for vinteren!  

  • Larvik – Talgje

    Me henta båten i Larvik 27. april og seilte derfrå laurdag 28. om morgonen. Båten hadde vore veldig godt ivareteken av forrige eigar Svein. Ellen og Tarald var med til Kristiansand, med overnatting i Grimstad. I Kristiansand kom Petter ombord og var los til Torvefjorden i Søgne, der han bur. Andre natta låg me i hamna der. Brikt […]