Hardangervidda 2016

Fjellturen dette året gjekk over Hardangervidda, frå nord til sør, saman med syster Hilda og svoger Jostein.

Eg starta frå Karmøy laurdag morgon 13. august. Tobias på eitt år ville gjerne vera med! Han har livet framføre seg og kan sjå fram til mange fjellturar!

imag0696

På vegen var me innom Odda hjå onkel Knut på 90, og fekk råd om rute og stader å vera merksame på. Han kan sjå tilbake på mange fjellturar, serleg på «vidde», med reinsdyrjakt og fiske som høgdepunkt om hausten. I 1971 tok han meg med inn til Krokavasshadlet for fyrste gong. Nå skal eg inn dit igjen, 45 år etterpå (var der i 1976 også). Takk til onkel Knut som opna fjellet for meg!

onkel-knut-1

 

Dag 1 til Viveli

Me starta frå Hjølmoberget, opp frå Eidfjord, i kveldinga, i lett skodde og yr.

p1040549

Vivelid fjellstove. Les meir om staden her.

p1040555 p1040557

I matsalen er der maleri av Lars Vivelid, som åtte og dreiv fjellstova i mange år.

imag0711

Dag 2 Viveli til Hadlaskar

p1040560

På vegen passerte me Hedlo, som har fått namnet sitt etter …

p1040569

..denne flotte helleren …

p1040564

.. og setra ved Hadlaskar.

p1040592 p1040593 p1040595

Hårteigen langt der framme.

p1040585

Framme på Hadlaskar! Vertinna er 82 år gamle Aslaug Røthe. Dette var den veka då skulane starta, så der var ikkje så mange norske turistar på hyttene, men fleire hollandske. M.a. ein familie med tre born som skulle gå ei veke på vidda. Les om Hadlaskar her.

p1040600

 

Dag 3 Hadlaskar til Litlos

Torehytta skulle det jo vore! Men dette er Oslo og omegn turisforening.

p1040605

Farvel til Hadlaskar

p1040607

Full sommar i vidda.

p1040609

Der det ikkje er bru, får me vassa.

p1040614 p1040615

Turen gjekk oppover den vakre Veigdalen.

p1040618

Eit tilbakesyn nedover dalen før me går innover platået over til Litlos. Og nå var sola komen fram 🙂 Frå måndag til torsdag hadde me blå himmel, vindstille og over 20 grader.

p1040630

Kven har lagt fliser? Trollet?

p1040646

Ikkje dette trollet i alle fall! Dette må vera den store bukken Bruse som trampar på brua.

p1040648

Fantastisk å koma opp på flatene og berre langa ut!

p1040652

Litlos! Den fyrste høgfjellshytta eg besøkte, i 1971. Den gongen kom me sørfrå, over høgdene der framme. Hytta er påbygd sidan då, men den eldste delen, der me overnatta i dusjen fordi det var så fullt den gongen, kunne eg kjenna igjen. Nå var der god plass. Turen frå Hadlaskar til Litlos tok ni timar. Meir om Litlos her.

p1040657

 

Dag 4 Litlos til Krokavasshadlet

Slik var det, fleire dagar. Stille, varmt, sommar! Litlosvatnet nedanfor. Me gjekk austover frå Litlos, langs Kvennavassdraget.

imag0729

imag0730

Sikt ned mot Grjoto, elva som renn ned i Kvenna, og som må kryssast.

p1040673

p1040679

p1040684

Framme! 40 år sidan sist! Her er det grisgrendt, kan ein trygt seia. Det ligg ei anna hytte like ovanfor, elles ikkje folk eller spor etter menneske å sjå. Her skal me vera tre netter, fiska og gå turar. Fantastisk!

p1040687

Blekkbua, bygd i 1959. Morfar i døra. Det var denne me budde i då eg var her i 1971. Veggene var tynt bølgeblekk, og hytta var ikkje musetett. Me måtte rydda ut musebøle or reinsdyrskinna som låg i køyene då me kom fram. Den gongen var me her ei veke, onkel Knut, og Steinar og Eivind, syskenbarna mine. Me gjekk frå Valldalen og overnatta på Litlos. For ein øybu som knapt hadde gått lenger enn tre-fire kilometer i eitt strekk, var det ganske overveldande å gå slik i to dagar langt inn i fjellet. Men eg tenkte vel at dei eg var med visste kva dei gjorde. Dei hadde trass alt vore her før!

p1040712

Og dette er steinbua som morfar sette opp ca 1917. Då vidda seinare vart verna, fekk dei som hadde ei jaktbu eller ein støl lov til å halda på desse. Morfar begynte å jakta og fiska på vidda rundt fyrste verdskrigen, og heldt fram med det til langt ut på 1960-talet. Ser han etter dyr her?

p1040710

Dagens hytte, sett frå vatnet.

p1040715

Standarden er litt høgare enn i blekkbua, for ikkje å snakka om steinhytta!

imag0745 imag0746

Fyrste fiskemåltidet!

p1040702

Meir fisk vart det!

p1040724

Og turar. Her frå Hellenuten, ca 1400 moh. Utsyn over Øvsta Krokavatnet sørover mot Haukeli. Krokavatna er ein del av Kvennavassdraget.

p1040697

Etter ein av sine fyrste fjellturar, skreiv morfar dette ca 1915. han hadde vore oppe på Nupsegga, som er ein av dei høgdene me kan sjå på biletet over.

«Det var fyrste gong eg hadde vore saa langt til fjells; og hadde difor hug aa sjaa litt av viddi. So rusla me i veg upp mot «Nuppseggi» som laag ganske nær. Det var eit tungt tak, men upp kom me daa likevel, lidt trøytte, og dugelegt svoltne, daa me ikkje hadde smaka mat, sidan me gjekk fraa stølen. Det viktigaste var daa aa faa kjelen paa kok.

Sette os so paa det kvite moseteppet, og aat med ein mathug, so trøyste den som lenge skulde hava slike karar i kosten.

Rundt omkring laag fjellheimen, jægerens og fiskarens eventyrheim, storfeld og fager. Nærast i sør saag ein Røldalsfjelli, sundkløyvde og ville og Haukelidfjelli stigande upp millom store fiskevatn. Lenger borte laag Suldals og Sirdalsfjelli og glitra. Austetter tøgde seg mest endelause vidder. Ein rund rygg reis upp lengst ute i det blaa, det var visst Gaustadfjellet i Telemark. Mot nord møtte augo milelange fljottor, med stille vatn og blinkande elvar. Attanfyre steig Hallingdals og Numedalsfjelli upp, med Hardingjøkelen skinande i soli. Einsleg, som paa ein slett voll, reis Haarteigen mot høgdi, som ei veldug høysaata, traust og trygg. Naar ein vende seg mot vest, var det helst ville snøfjell med høge tindar og skard, bratte bakkar og djupe dalar. Men lengst ute siglde lette fjørskyer yver Folgefonni, rolegt drøymande, i glansen av den sigande sol.» Jørgen Tokheim, ca 1915.

Og her er Kvenna.

p1040767

Myrulla veks i 1400 meters høgde.

p1040744

Sommar i vidda!

p1040747

 

Dag 7 Krokavasshaldet til Hellevassbu

Farvel til Hadlet for denne gongen!

p1040770

På vegen sørover til Hellevassbu kom me forbi denne godt gøymde «hytta», under ein heller. Me hadde fått forklaring på kvar den skulle vera, men hadde ikkje sett den dersom det ikkje hadde lege diverse utstyr og saker utanfor. Eigaren, 82 år, viste oss inn. Han hadde bygd dette i 1959. Fire mann låg her og var klar til jakta som skulle begynna dagen etter.

imag0773

imag0771imag0770

I bakkane ned mot Hellevassbu tok Sverre, 75, oss igjen. Han hadde gått åleine omtrent same ruta som oss, men ikkje om Krokavasshadlet. Middag saman i sjølvbetjent hytte. Turtistforeningen!

imag0775

Dag 8 Hellevassbu til riksvegen ved Ulevå, vest for Haukeliseter

Gråver frå morgonen, men me hadde så og seia ikkje regn på heile turen!

imag0780

Takk for kjempeflott tur!

imag0789