24. – 27. september
Paris til Vichy
“Your baggage has arrived at Paris airport. It will be delivered to the address you provided in your missing baggage claim form within the next 24 hours.”
Slik kan ein interrailtur også begynna, serleg når fyrste etappe går med fly! I ein alder av 69 år fekk me endeleg gjort alvor av å reisa rundt i Europa med tog. Me hadde rett nok planlagt ein tur til Montenegro i 2020, men så kom covid.
Nå reiser me fyrst saman med gode venner frå gymnastida. I mange år har me teke ein hausttur til ein by i Europa, for å oppleva god musikk og besøkja interessante stader. I fjor var me i Brussel, elles har me vore i Wien, Berlin, Praha, London, Stockholm, København, St. Petersburg, og faktisk også Oslo og Bergen.
Paris var i år ein mellomstasjon på veg til Vichy. Men når me fyrst var der, nytta me høvet til eit besøk både på Mont Martre og ved Eiffeltårnet.





Onsdag var me på toget. Turen til Vichy tok fire timar gjennom flatt landskap der me stort sett berre såg krattskog og enkelte småbyar.
Vichy er heller ikkje ein stor by, ca 25.000 innbyggjarar, men har likevel eit stort og ærverdig operahus. Byen er ein av ti kurbadebyar som står på Unesco si verdensarvliste. Heilt frå romarane si tid har varme og kalde mineralkjelder vore kjende her. På slutten av 1800-talet og fram til ca 1930 kom over 100.000 badegjester hit kvart år for å søkja helse og lækjedom for ulike sjukdomar. Serleg var det revmatisme og fordøyelsesplager det handla om. Vatnet i kjeldene kjem frå eit vulkansk område i Alpene og går fleire tusen meter ned i jorda før det kjem opp igjen i eit ganske avgrensa område i byen. På vegen har det fått med seg ulike mineraler og CO2. Det skal bruka 15.000 år på vegen, etter det me forstod.




Nokre glimt frå storhetstida i Vichy.





Konserten var i den gamle operaen. Eit heftig show med blåsarar, gitarar og trommer. Dei fekk publikum med seg på å dansa, me kjende korleis balkongen gynga. Var ei stund redd for at det skulle rasa saman!



Byvandring på fredag. Laurdag reiste dei andre tilbake til Paris, og vidare til Stavanger og Oslo sundag. Dvs. dei som skulle til Stavanger blei forseinka av flytrøbbel og måtte via Aberdeen før dei kom heim seint om kvelden.
Og bagasjen? Det meste kom til hotellet i Vichy torsdag, dvs to dagar for seint. Jørn fekk ikkje sin koffert.
Eg anbefalar tog! Dei me har teke har gått etter ruta, ingen innsjekking, du går rett på toget og har full kontroll på bagasjen. Og så opplever du at du reiser! Mil etter mil, ser landskapet endra seg, byar som du fer forbi, elvar og fjell langs ruta. Fin måte å reisa på. Og me har funne hotell maks ti minutt å gå frå stasjonane.
Eg skal skriva litt om korleis det har fungert i ein seinare post. Det har vore ei bratt læringskurve å finna ut av det, men det fungerar godt!
