27. – 28. september
Vichy til Geneve
Laurdag tok me neste tog til Geneve, med byte i Lyon. Frå Lyon fylgde me Rhone-elva, som renn ut frå Lac Leman like til Middelhavet. Faktisk heiter elva som renn inn i sjøen i andre enden også Rhône, men er det same elva? Den skal me fylgja langt inn i Alpene neste dag.
Og nå kom finveret! Strålande sol heile dagen. Geneve er jo ein by der fleire FN-organisasjonar har hovudkontor, som t.d. høgkomissæren for flyktningar. Verdens helseorganisasjonisasjon, Raudekrossen og Raude halvmåne held også til her.
Me fekk eit lite glimt av desse. Utanfor FN sitt område står stolen med ein avbrekt fot. Han symboliserar både skjørhet og styrke, brutalitet og verdighet. Han vart sett opp for å minnast offer for landminer.
Lac Leman er ca sju mil lang. Her er tydelegvis eit stort seilmiljø. I hamnene må der ha vore mange hundre båtar, små og store. I Norge seilar dei på Mjøsa, her seilar dei på Lac Leman.












One response to “Interrail 2025 – 2”
Så kjekt å få vera med på tur til Genève ma😊Har ei me kjenner godt( dotter til Ragnhild og Tore Skeie), som jobbar på den norske ambassaden:) R og T har og teke tog til Genève, og me har det på ønskelista……
God tur vidare på danningsreisa:)
Marit