Stavanger Turistforening inviterte til tur på Hardangervidda frå 12. til 15. august og eg melde meg på. Ellen og eg har gått mange turar på vidda og i andre fjellområde før. Fyrste gongen var i 1975. Då var me unge og spreke. Nå er me ikkje så unge og spreke lenger, men lysta til å koma ut på tur er der. For min del passar det godt då at det vert organisert turar for dei som ikkje har lyst eller kan gå åleine.
Me var ei gruppe på 21 turgåarar i alderen 63 til 73 som møttest på Dyranut ved riksveg 7 opp frå Eidfjord måndag 15. august. Fire kom austfrå, me andre var frå Rogaland. Turleiarane Tom, Leif og Njål hadde laga eit godt opplegg og ei rute som skulle vera passeleg utfordrande, men gjennomførbar. Og me kom alle vel tilbake til Dyranut torsdag 15. Då hadde me vore innom Kjeldebu, Krækkja og Stigstuv, og gått til saman ca 53 kilometer.
Kjeldebu er såkalla sjølvbetent, dvs der er matlager som me kan handla frå, men me hadde med mat til middag og frukost. Turleiarane var også kokkar fyrste kvelden! Dei to andre hyttene har full servering av middag og frukost. God mat på alle hyttene!
Noko av det som fasinerar på Hardangervidda er det vide utsynet (me er jo på ei vidde), elvane og bruene over dei, plantene som du må ned på bakkenivå for å skikkeleg kunna sjå, luktene og lydane. For det er ikkje heilt lydlaust her. Men det er berre naturlege lydar. Vatn som renn, brusande elvar, sus frå vind, fuglar. Godt for kropp og sinn! Får me tru, men det kjendest i lår og legger i fleire dagar etterpå!
Her er nokre bilete frå turen. Eg har fått lov til å dela.
Måndag 15. august, Dyranut til Kjeldebu.








Tysdag 13. august, Kjeldebu til Krækkja











Onsdag 14. august, Krækkja til Stigstuv










Torsdag 15. august, Stigstuv til Dyranut







One response to “Hardangervidda august 2024”
Så kjekt å lese og se! Tusen takk for delingen!